-

Sosasalat 23.10.2005.

Vanligvis er det kokte grønsaker som er tilbehør til sosakjøt, men ein god rett som sosakjøt kan trenge ein god salat. Derfor kom denne oppskrift for dagen etter litt fintenking.

Rasp grovt eit par gulrøter og og ein tilsvarande bit med kålrabi (rabbe), finsnitt ein liten raudlauk. tilsett ei teskje med balsamicoeddik og ei spiseskje med olivenolje. Kvern over litt pepar. Og vips so har du ein av dei beste salatane du kan få til brun saus.

Sosasalat
Sosasalat, ikkje den penaste men ein av dei beste. Hadde denne salaten laga lyd, då ville eg vere nominert til spelemannsprisen.