-

Makrellgryte 05.09.2006.

Makrellgryte Makrell blir som regel tilberedt kokt eller steikt. Eg fekk lyst å prøve ein annan variant.

Her er ei oppskrift på ei makrellgryte som eit alternativ til den tradisjonelle kosten. Oppskrifta er med tradisjonelle norske råvarer kokt i ei panne, og kan minne litt om bacalao, kansje på grunn av poteter og tomatpure.

Makrellen som blei brukt var 3-4 dagar gamal. Dette trur eg er ein fordel då feit fisk skal ligge i is eller i kjøleskap nokre dagar før den skal brukast. Den må sjølvsagt sløyast fyrst.

Oppskrifta er til to personar, eller til ein stor person som ikkje veit å hegne seg. Har ein trong økonomi kan ein doble potetene slik at den held for tre personar. I spesielt tronge tider kan ein kutte opp ingrediensane i mindre bitar og fylle på meir vatn. Det kan då bli ei god makrellsuppe (trur eg).

Makrellgryte
Ingredienser.

Til to personer treng du:

Framgangsmåte.

Makrellgryte Fileter makrellen, ta vekk skinn og bein. Del filèten på langs og skjer vekk resten av beina langs etter filèten. Skjer opp filèten i passande bitar. Rensk og skrell grønsakene og skjer dei i tynne skiver.

Slå litt vatn i panna og legg grønsakene lagvis i panna, potetene fyrst. Legg i til slutt makrellen. Ha i salt og krydder. Ha i boksen med tomatpure og fyll opp med vatn til det dekker ingrediensene.

Makrellgryta skal koke i 20-25 minutt. Ikke kok gryta meir enn 25 minutt av hensyn til smak, vitaminer og straumforbruk.

I etterkant.

Det er mulig eg burde tilsette litt sukker for å runde av smaken på tomatpurèen, men eg er ikkje sikker. Eg tenkte også på om eg skulle bruke nokre laurbærblad i gryta for å ta vekk litt eventuell usmak av makrellen. Det var ikkje nødvendig, makrellen var veldig god i denne gryta. At eg brukte raudløk istaden for vanlig gul løk, eller sjalottløk trur eg var lurt.

Også til denne gryta trur eg vatn er den beste drikken.

Lenker.

Makrellgryte
Makrellgryta anretta på tallerken. Dette er god kvardagsmat. Anbefales.