-

Krydderkake 21.02.2012, oppdatert 28.12.2018

Krydderkake Her er oppskrifta på ei saftig og god krydderkake.

Oppskrifta var eit forsøk på å lage ei god krydderkake, etter mykje mas i heimen. Forsøket vart svært vellykka. Den er veldig rask å lage, ventetida i ovnen kan bli lang hvis ein berre skal vente, og ikkje gjere noko anna fornuftig i steiketida. Eit godt tips er å rydde opp etter seg.

Ingredienser.

Til ei kake treng du:

Framgangsmåte.

Smelt margarin/smør fyrst, det skal kjølast litt ned. Pisk eggedosis av egga og sukkeret. Tilsett det tørre. Visp inn margarin/smør.

Rør i yoghurt.

Steikast i ovn 180°C det fyrste kvarteret, deretter 150°C i 30-45 minutt. Du kan bruke fyrstikk og sjekke etter 30 minutt.

Servering:

Server med god kaffe, og krem til dei som absolutt vil ha det.

Alternativ kake dersom ein ikkje har yoghurt, eller ein vil gjere det på ein annan måte

Oppned krydderkake Ikkje bry deg om yoghurten. Smelt 100g smør i lag med 50g sukker og tilsett 100g med hakka hasselnøtter. Legg dette i botnen av forma (som det skulle verte ei oppnedkake). Steik kaka som vanleg. Snu kaka når den er ferdig. Denne blir god med piska krem.

Eg knekte 100g med hasselnøtter til dette formålet. Snittvekta var litt under 1g pr. nøtt. Det blei 129g med nøtteskal. Det blir ca 44% netto igjen av dei heile nøttene. Om dette er innanfor normalen veit eg ikkje.