-

Fiskepuddingwok 20.07.2003.

Av og til har eg eit heldig augneblunk og greier å finne på noke som smakar godt. Og denne retten er god. Truleg er dette ein av dei beste wokrettane med fiskepudding du kan ete. Dyr er den heller ikkje. Kombinasjonen med fiskepudding, grønnsaker, sar (vintersar) og sitrontimian får fram ein verkeleg god smak.

Retten blei laga i wokpanna med litt olje og salt. Ein bør wokke blomkålen fyrst før ein tar i resten. Fiskepuddingen hiv ein ned i til slutt. Når fiskepuddingterningane bular litt, då er retten ferdig. Dynk litt soyasaus over. Serverast med brødmat. Til drikke avbefaler eg ei halvflaske med Olden.

1
Ingredienser klar på benken. Nyskåren sitrontimian og sar frå hagen. Gulrot, blomkål, lauk, kålrot, vårlauk, squash, fiskepudding og bacon. Bacon er ikkje med på bildet.

2
Ferdig rett på tallerken.