Eplekake 25.04.2011 (tekst redigert 23.06.2026)
Her er oppskrifta på mi eplekake, den eg likar best.
Oppskrifta er eit snitt av andre oppskrifter eg har funne, og tilpassa slik at den blir god etter min smak.
Ingredienser.
Til ei kake treng du:
- 4 egg.
- 3 dl sukker.
- 2,5 dl mjøl.
- 1 ts kardemomme.
- 1 toppa teskje vaniljesukker.
- 1 toppa teskje bakepulver.
- 1 knivsodd med salt.
- 100 gram margarin.
- 4 epler.
Framgangsmåte.
Smelt margarinen fyrst, den skal kjølast litt ned. Pisk eggedosis av egga og sukkeret. Tilsett det tørre og visp det godt inn før den smelta margarinen vispast inn.
Tøm røra i ei form som er omlag 22-24 cm.
Skrell epla og skjer dei i båtar. Legg eplebåtane opp i forma. Ta eit om gongen då det kan vere forskjell på kor store dei er (kanskje går det berre 3 epler).
Strø godt på med kanel og sukker, det er berre å dynge på.
Steikast i ovn 180°C i omtrent ein time. Steikast på nederste hylle då den lett kan brenne seg på toppen, eller legg eit bakepapir over kaka dersom den begynner å bli brent. Du kan bruke fyrstikk og sjekke etter 45 minutt.
Servering:
Server med piska kremfløyte og god kaffe. Vanilieis er og godt attåt.