Programvare.

Her er ei liste over fri programvare for Microsoft Windows, som trygt kan brukast uten at ein dreg med seg spionprogrammer, virus eller anna rusk og rask. Alla programma brukar eg sjølv og eg er fornøgd med dei. Alle programma er gratis, og dei fleste er på norsk.

Fleire av desse programma er også tilgjengelig for Linux og Mac. Dette er eit pluss for dei som jobber litt med fleire operativsystem. Nokre av programma er er lisensiert med åpen kjeldekode, GNU General Public License (GPL) eller liknande. Dette er eit stort pluss då ein veit kva programma gjer (og ikkje gjer), og ein har mulighet å endre programma sjølv.

Denne lista kan endre seg når programma endrar seg, eller når det kjem andre program som er eit betre valg. Fleire program for kan ein og finne på Innovare si heimeside.

Denne sida blei sist revidert 18.12.2006 av HSJ.

Firefox FireFox Dette er ein god nettlesar som det ikkje trengst nokon bruksanvisning for å bruke. Den er rask, sikker og veldig brukervennelig. Eg meiner den er den beste for den alminnelige bruker. For dei som surfar meir profesjonelt vil Opera truleg vere eit betre valg. Firefox er også tilgjengeleg for Linux og Mac.
Thunderbird ThundeBird Denne epostleseren er eit enkelt men funksjonelt program. Det er kun eit epostprogram, det er ikkje kalender, huskeliste og slike ting i programmet. Dette er det programmet eg meiner er best på IMAP og har det beste innebygde filteret for spam. Thunderbird er også tilgjengeleg for Linux og Mac.
Openoffice.org Bilde Ein komplett kontorpakke med tekstbehandlar, rekneark, vektortegning, database og presentasjonsverktøy. Ein fullverdig erstattar for dei fleste kommersielle kontorpakkar på markedet i dag. Programmet er på nynorsk, bokmål og samisk. Fins også for Linux, Mac og Solaris. For dei som kun treng eit tekstbehandlingsprogram kan Abiword også vere eit godt alternativ.
Sunbird Bilde Ein kalender med støtte for lokale private kalendarar og kalenderar på internett. Sunbird brukar iCalendar-formatet. Dette er en standard som mange program brukar, mellom anna Apple sin iCal. Gode muligheit for å abonnere på fleire kalenderar samstundes. Programmet er i ei tidleg utviklingsfase no, men likavel fullt ut brukbar. Desverre er Sunbird ikkje på norsk.
PDF Creator Bilde PDF generator. Virker som skriver og som konverteringsprogram for dokumenter til PDF. Også på norsk. God postscriptstøtte.
Foxit Reader Bilde En rask og god PDF leser for Microsoft Windows for de som ikke vil ha den store og tunge Adobe Acrobat Reader. Grensesnittet er likt Acrobat Reader.
Gimp Bilde Eit verkeleg godt bildebehandlingsprogram. Det støttar dei fleste bildeformat, det har alle funksjonar ein treng i eit bildebehandlingsprogram, og det er på norsk. Sjølv om programmet har mange avanserte funksjonar er det likavel enkelt å bruke. Det er ikkje mange program som kan måle seg med dette gratisprogrammet. Desverre er der ikkje god nok støtte for CMYK for dei som har behov for dette fargesystemet til trykksaker. Gimp får ein og for Linux og andre Unix operativsystem.
7zip Bilde Dette pakkeprogrammet er på norsk og tar dei aller fleste pakkeformata, zip, tar, rar, tgz etc. Nokre pakkeprogram er raskare, nokre er feir funksjonelle, men dette er det einaste eg har funne som er gratis, sikkert og virkar uten irriterande dialogboksar. Også for Windows x64. Kommandolinjeversjon for Linux.
VLC Bilde En polulær avspiller for dei fleste mediatyper, lyd, bilde og video. Kan også brukast som streamingserver. Støtter Windows, OSX, Linux, BeOS og BSD. GPL lisens (åpen kjeldekode).
Gaim Bilde Dette er et lynmeldingsprogram som støtter AIM/ICQ, Gadu-Gadu, Groupwise, IRC, Jabber, MSN, Napster, SILK, Yahoo, Lotus Sametime. Programmet er for Windows, Mac OSX, Linux, BSD og Qtopia (Sharp Zaurus og iPaq). En eigen versjon for Gaim kan lastes ned og installeres på en USB-pinne slik at du alltid har det med deg. Det har vore ein liten feil i Gaim som gjer at det i windows XP ikkje startar eller det kræsjer. Last ned siste GTK+ som ligg på same side som Gaim for å løyse dette problemet. Hvis Cygwin er installert på maskina, bør ein fjerne referansa i PATH-variabelen. Hvis du ikkje veit kva Cygwin er, har du det mest trueg ikkje installert.

Programvare for dei vidarekomne
PSPad Bilde Denne editoren er min favoritt når eg brukar Microsoft windows. Den har det meste ein god editor skal ha. Kun for Microsoft Windows.
Top Style Lite Bilde Ein editor for CSS. Dersom du brukar PSPad som editor blir TopStyle integrert i PSPad. Denne gjer kvardagen enklare for dei som redigerer CSS-filer. Enkel å bruke og lett å finne fram i jungelen av variabler.
NVU Bilde Eit enkelt og greitt program for å lage nettsider med. Enkelt å jobbe med filer direkte på internett. Også for Linux og Mac.
FileZilla Bilde Ganske enkelt et godt FTP program for dei som jobber med filer til/frå FTP-områder, til dømes heimesider på internett. Ikkje norsk versjon. Kun for Microsoft Windows.
WinSCP Bilde Ein SFTP og SCP klient for Windows. Gjer det mulig å koble til servere på ein sikker måte. Programmet legg til scp:// protokollen slik at ein kan lage linkar som peikar direkte på mapper på internett.
PuTTY Bilde Ein SSH-terminal for Windows. Eit heilt nødvendig program for kommandolinjefrikar. Med dette programmet er det med PSCP og PSFTP som er tilsvarande SCP og SFTP i Unix/Linux.
Wireshark Bilde Eit program for å analysere nettverksdata. Wireshark er etterfølgaren til Ethereal, som er regna for å vere verdas mest populære netverksprotokollanalysator. Fins for dei aller fleste operativsystem.
MySQL Control Center MySQLcc Et nyttig verktøy for alle som jobbar med MySQL databaser.
TFTP server Bilde Ein enkel TFTP server som kan kjøyre som eit program eller som ein tjeneste. GPL lisens. For Windows og Linux